Det vart i 2016 bygd ein Via Ferrata Løype i Løefjødd i Brokke. Denne vart bygd av Børre Bergshaven i samarbeid med Via Ferrata Straumsfjellet. Dette er ein klatrestige som passar for dei fleste og som er ein fin plass å starte.
Turen tek ca 3 timar frå du startar i botnen av Løefjødd, til du har gått ned igjen stien. Det er ei lita tjønn på toppen som er fin å take ein kjølande dukkert i før du begynner på nedturen.
Dette er ein klatrestige som passar for alle, og som er spesielt tilpassa barn og unge. Her kan heile familien gå på tur, og me lovar at det blir ein opplevelse for alle!
Bratt Friluftsliv har booking og guiding av både Via Ferrata Brokke, Via Valle og Via Ferrata Straumfjellet i sommer, så no kan du bestille klatring i alle Via Ferrataene i Valle her: