Kun to timar fra sørlandskysten

SMÅVILTJAKT I BROKKE

- Brokke Aktivitet AS formidlar småviltjakt og jaktopplevingar i Brokke.

Småviltjakt i Brokke hausten 2022

Brokke Aktivitet AS har inngått avtalar med grunneigarar i Brokke og Berg slik at me kan leige ut småviltjakt i perioden 2021-2024.

Jaktterreng i Brokke Her er meny for terrengprofil og utskrift. Under «Kartlag» kan du skru av og på dei aktuelle jaktfelta.

PDF over jaktterrenga: Brokke og Berg fellesbeite 2021, Brokke jaktfelt vest 2021 og Brokke jaktfelt aust 2021

Ta kontakt på e-post for å få tilsendt KML-filer for bruk i td google maps eller gps.

Periodekort/halvukeskort for september blir solgt via skjema nedanfor.

inatur.no er vår salgskanal for dagskort.

Jaktkortsalet er moderat. Det er satt «bag-limit» på 2 fugl (rype / orrfugl) pr jeger pr dag. Me gjer merksam på at jakt på storfugl (tiur/røy) ikkje er tillat i våre terreng.

Jaktkortet er berre gyldig for kortinnehavar og skal bli framvist ved kontroll.

Hald hundar i band over andre eigedomar på veg til jaktterreng.

Vis omsyn til andre som ferdast i naturen og hald avstand til hytter og merka turvegar/skiløyper.

Vis omsyn til beitedyr og anna vilt. Ver særleg aktsam under sauesanking slik at ikkje du og din hund uroar gjetarhund og sau. Hundeeigar er ansvarleg for eventuelle skadar som hunden måtte påføre. Eigar må ha gyldig bevis for at hunden er sauerein. Kontaktperson sau: Heiesjef, Livar Ravndal. T: 917 95 433

Jaktrapport med tal på sett og felt vilt skal sendast på e-post uoppfordra og snarleg etter jakt.

Bruk skjema nedanfor for bestilling av jakt. Vel jaktfelt og periode! Faktura blir sendt til oppgitt e-post.

Oversikt over periodekort vert lagt ut i slutten av april. Bestillingar gjort innan 2.mai kl 09.00 vil bli fordelt i løpet av dagen. Deretter er det førstemann til mølla. Skitt jakt!

Jaktperiode 2022.    Brokke Jaktfelt Vest Brokke og Berg Fellesbeite Pris pr kort
10.-12.sep. UTSOLGT UTSOLGT 3.700,-
13.-15.sep. UTSOLGT UTSOLGT 3.700,-
16.-18.sep. UTSOLGT UTSOLGT 3.700,-
19.-22.sep. UTSOLGT  1 kort 3.500,-
23.-25.sep  4 kort UTSOLGT 3.500,-
26.-29.sep.  5 kort  2 kort 3.500,-
30.sept-2.okt  5 kort 1 kort 3.500,-

 

 

 

    Velg periode

    Jaktområde

    Namn

    Adresse

    Postnummer

    Poststed

    E-post

    Gjenta e-post

    Telefon

    Betalt jegeravgift

    Jegernummer

    Brokke Aktivitet AS
    Tor Brokke
    E-post: tor@brokke.com
    Telefon: 98632477